Suldalsvatnet Grunneigarlag SA |
|
FramsidaOm grunneigarlagetFakta om SuldalsvatnetFiske i SuldalsvatnetStoraurefestivalenBileteSponsorarKontaktinformasjon |
Suldalsvatnet grunneigarlagGrunneigarane i Suldalsvatnet er organisert i Suldalsvatnet grunneigarlag. Alle som har fiskerett anten langs eigen grunn eller i sameige kan vera medlemer i laget. Laget vart skipa i 1986, og har gjennom heile perioden selt fiskekort for stang og garnfiske. Blant grunneigarane er det stor oppslutting i laget, noko som må seiast å vera svært positivt. Mange andre stader er det vanskeleg å samla grunneigarane i eit felles lag. Ved alt arbeid i vatnet vil ein vera tent med å ha med seg flest mogleg. Utfiskingsprosjektet som har føregått sidan 2001 er den desidert største oppgåva laget har hatt. Ein har møtt nye utfordringar, og det kjem meir økonomiske aspekt inn i biletet. Utfiskinga vil halde fram samtidig med ein aktiv sals- og marknadsføringsfase. Utfordringane ein møter vil vera til dels ganske ulike. Dette vil krevja nye arbeidsmåtar. Ein naturleg følgje av det vil vera at ein går gjennom organiseringa av laget og ser på om ein vil vera tent med endringar her for å få ein velfungerande organisasjon i framtida. Det vart i 2001 og 2006 gjennomført prøvefiske i Suldalsvatnet, ved Harald Sægrov, Rådgivende Biologer AS. Laget planlegg gjennomføring av eit nytt prøvefiske i 2012.Rapportane fra prøvefiske finn du her: Styret i Suldalsvatnet grunneigarlag:
|