Suldalsvatnet Grunneigarlag SA

Framsida

Om grunneigarlaget

Fakta om Suldalsvatnet

Fiske i Suldalsvatnet

Storaurefestivalen

Bilete

Sponsorar

Kontaktinformasjon           

Fiskereglar for Suldalsvatnet

  1. Suldalsvatnet grunneigarlag sel fiskekort på heile laget sitt område.
  2. Fiskekorta gjeld for fiske med stong, handsnøre, oter og garn.
  3. Det kan fiskast både frå land og frå båt.
  4. Ved fiske frå båt, kan det berre brukast to reskapar på ein gong. Når det er fleire personar i båten, kan det brukast ein reiskap pr. person.
  5. Største maskevidde for garnfiske er 24 mm (26 omfar).
  6. Garn skal ikkje setjast nærare enn 50 meter frå utløpsosen av elvane: Roalkvamsåno, Nesåno, Bråtveitåno, Kvilldalsåno og Helganesåno.
  7. Alle garn skal merkast med eigar sitt namn og adresse.
  8. Garnfiske er forbode i perioden 1. september til 1. mars.
  9. Alle som har kjøpt fiskekort pliktar å levera inn fangstrapport over den fangst dei har teke innan 1. desember.
  10. Prisar på fiskekort:
    • Sesongkort: Familie 700 kr, enkeltperson 500 kr
    • Vekeskort: Familie 300 kr, enkeltperson 200 kr
    • Dagskort: Berre enkeltpersonar 50 kr (dagskort gjeld ikkje for garnfiske)
  11. Brot på dette reglementet inneber at det skal betalast eit gebyr til laget på kr 200 første gong og kr 500 ved seinare høve.

Her kan du kjøpa fiskekort

  • Forretningane på Suldalsosen
  • Osa-bu
  • Vikane Hyttetun
  • Turistinformasjonen på Sand

Du kan og kjøpa fiskekort hjå Inatur
inatur