Suldalsvatnet Grunneigarlag SA |
|
FramsidaOm grunneigarlagetFakta om SuldalsvatnetFiske i SuldalsvatnetStoraurefestivalenBileteSponsorarKontaktinformasjon |
Fakta om SuldalsvatnetSuldalsvatnet er Rogaland sin største innsjø. Vatnet har eit areal på ca. 30 kvadratkilometer, er 376 meter på det djupaste og er Noregs 9. djupaste innsjø. Det har utløpet sitt på Suldalsosen, der elva Suldalslågen startar. Vatnet er påverka av to store kraftutbyggingar, og er regulert 1,5 meter mellom 67 og 68,5 moh.. Røldal-Suldal-utbygginga som byrja på 60-talet omfattar områda i nordaustleg retning frå Suldalsvatnet. I 70-åra starta også arbeidet med Ulla-Førre-utbygginga, og denne omfattar områda i søraustleg retning. Rundt vatnet er det i all hovudsak harde grunnfjellsbergartar som gneis og granitt som utgjer berggrunnen. Enkelte stader vil ein finna rikare og meir kalkrike bergartar, men generelt sett er det ein næringsfattig berggrunn som pregar området. Det er og lite landbruksareal som ligg nært inntil vatnet, så heller ikkje herifrå får vatnet tilførsel av vesentlege mengder næring. Som så mange andre av fjordsjøane på vestlandet må Suldalsvatnet derfor karakteriserast som næringsfattig. pH-verdien i vatnet varierer noko, men vart i 2002 målt til 6,25, og dette må seiast å vera bra. Suldalsvatnet og innløpselvane har i uminnelege tider blitt nytta av befolkningen rundt vatnet til hushaldsfiske. Førekommande fiskeartar i vatnet er laks, sjøaure, innlandsaure, ål, røyr og stingsild. I dag er det mest innlandsaure og røyr i vatnet, men dette har endra seg frå tidlegare status. Før gjekk laksen gjennom vatnet og opp i blant anna Roalkvamsåno for å gyta. Også auren brukte desse elvane til gyting. I tillegg gyt auren i vatnet, i områda der elvar renn inn. Her er det så mykje straumar i vatnet at rogna får tilstrekkeleg tilførsel av oksygenrikt vatn. Med dei store vasskraftutbyggingane kom det store endringar for fisken sine tilhøve i vassdraget. Dei viktige tilløpselvane til Suldalsvatnet vart kraftig redusert, ja i enkelte tilfelle nærast tørrlagde. Gytemoglegheitene for laks oppstraums vatnet vart kraftig redusert. Også auren mista ein del av gyteplassane. Røyra derimot, som gyt i stille vatn, fekk ikkje redusert rekruttering. I same takta minska og fisket i vatnet, og bestanden av røyr byrja utvikla seg til overtett. Dei seinare åra har vatnet nærast vore unytta til fiske samanlikna med det potensialet det har. I 2001 vart det difor sett i gong eit større utfiskingsprosjekt for å få opp fiskekvaliteten og samstundes gjera Suldalsvatnet meir attraktivt som fiskevatn. |